Norsk Litterær Årbok

Nyeste utgave

Vol 49 (2025)
Publisert desember 22, 2025
Beskrivelse av nummer

NLÅ er liv laga! Det prova NLÅ 2024, som vart vel teke imot av bokinteresserte. Norsk litterær årbok stod i fare for å bli nedlagd i fjor og det vart utført ein bergingsaksjon for årboka. Det skreiv vi om i føreordet til NLÅ 2024. Takk vere den førre redaksjonen, forlaget vårt, Novus, gode innsende artiklar og dessutan trykkestønad frå Kulturrådet, lever NLÅ vidare. Jamvel om fast stoff, som den kritiske gjennomgangen av poesi- og romanåret, ikkje er med oss lenger, viser NLÅ seg å vera eit vitalt fora for litteraturvitskapelege artiklar. Og: Jamvel om vi i fjor tok årboka over på digital publisering, held vi òg fram med å gi ho ut mellom to permar. Det som er digitalt tilgjengeleg, forsvinn snøgt i mengda og ropet etter merksemd i media. Soleis vonar vi at ryggen frå NLÅ 2025 stendig kan påminne om kva litteraturforskarar har synt interesse for i året som har gått, ei varsam seismografisk registrering av små forskuvingane i litteraturvitskapen.

Mer
Hele utgaven
Hele heftet (pdf)

Oppslagstavle

Manuslokk for NLÅ 2026

Norsk Litterær Årbok 2025 er om litt å finne både i bokhandel og på bibliotek. Og om eit bel kjem den digitale utgåva. Samtidig med at NLÅ 2025 kjem ut, vil vi invitere til innsending av manus til neste års utgåve, med 1. mars 2026 som frist.


Les mer

desember 2, 2025
Vis alle utgavene