Sammendrag
Artikkelen har som mål å gjera ein jamførande analyse av to grunnleggande språkfilosofiske skrifter frå dei siste vel 250 åra. Det gjeld Johann Gotfried von Herders Abhandlung über den Ursprung der Sprache, 1772, og Henrik Wergelands pamflett Om norsk Sprogreformation, 1834. Wergelands pamflett blir rekna som det stiftande grunnlaget for dagens norske skriftmålsformer, både bokmål og nynorsk. Artikkelens påstand er at Herders ekspressive språksyn og historiefilosofi, med vekt på verdien av nasjonal eigenart, har sett sitt klare preg både på argumentasjon og språkføring i pamfletten.
Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.
Opphavsrett 2025 Gunnar Foss
