Tidsskriftet

Hovedfokus og spennvidde

Norsk litterær årbok (NLÅ) er ein årleg litteraturvitskapleg antologi. Fyrste nummer av
NLÅ kom ut i 1966 med Leif Mæhle som redaktør. Innhaldet i antologien er todelt. På
den eine sida inneheld NLÅ artiklar som tek føre seg tendensar på litteraturfeltet i
året som har vore. På hi side inneheld NLÅ litteraturhistoriske og litteraturvitskaplege
artiklar av allmenn karakter. Dei vitskaplege artiklane blir fagfellevurderte. NLÅ har
frå byrjinga av hatt som mål å fremja litteraturforsking på nynorsk, difor er er
nynorske bidrag særleg velkomne til tidsskriftet, men redaksjonen tek òg imot artiklar
på bokmål, og på dansk og svensk.

 

OM FAGVURDERINGSPROSESSEN

I tillegg til at manuskripta blir grundig lesne og vurderte av redaksjonen, blir alle
manuskripta som er aktuelle for publisering, gjennomgått av ein anonym fagperson
med spesialkompetanse på det aktuelle feltet. Dette tryggjer kvaliteten på artiklane
og bidreg til eit akademisk høgt nivå. Vanlegvis brukar NLÅ berre éin fagfelle per
artikkel, men om naudsynt tyr vi to eller fleire fagfelle-fråsegner. Den viktigaste
oppgåva til fagfellane er å uttala seg om artikkelen tilfredssteller dei kvalitetskrava
som må stellast til publikasjonar på eit høgt, akademisk nivå. Dei skal òg gje råd om
forbetringar, utviding eller nedkorting, og også vurdere språkføring og vitskapleg
apparat. Frå redaksjonen har teke imot manuskriptet kan det gå inntil tre månader før
forfattaren får svar. Det er redaksjonen av tidsskriftet som finn høvande fagfelle til dei
innsende manuskripta. Konsulentane vel sjølv om dei vil vera anonyme eller skrive
under fråsegna med eige namn.


PUBLISERINGSFREKVENS

Dette er ei årbok, tidsskriftet kjem altså ut med eit nummer i året. Det kjem ut både i
elektronisk utgåve og som papirbok.


OPEN ACCESS-RETNINGSLINJER

Tidsskriftet gjer alle brukarar open tilgang (Open Access), det vil seia fri og gratis
tilgang til alt publisert innhald.

 

Lisensierin

Artiklene som blir publiserte i NLÅ er lisensierte under ein Creative Commons BY-SA
4.0-lisens.

 

ARKIVERING

Dette tidsskriftet nyttar LOCKSS-systemet for å utvikle eit distribuert arkivsystem
saman med andre tilslutta bibliotek, og tillèt desse biblioteka å opprette permanente
fullstendige arkiv av tidsskriftet, til bevarings- og gjenopprettingsføremål
Informasjon om opphavsrett

Forfattarane har opphavsretten og gjev tidsskriftet rett til fyrste publisering av
arbeidet. Ein Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0) gjev samstundes andre rett
til å dele arbeidet med tilvising til forfattaren av arbeidet og til at det fyrst vart publisert
i dette tidsskriftet.


Avgift for artikkelpublisering
P.d.d. er det inga publiseringsavgift for dette tidsskriftet.