Sammendrag
NLÅ er liv laga! Det prova NLÅ 2024, som vart vel teke imot av bokinteresserte. Norsk litterær årbok stod i fare for å bli nedlagd i fjor og det vart utført ein bergingsaksjon for årboka. Det skreiv vi om i føreordet til NLÅ 2024. Takk vere den førre redaksjonen, forlaget vårt, Novus, gode innsende artiklar og dessutan trykkestønad frå Kulturrådet, lever NLÅ vidare. Jamvel om fast stoff, som den kritiske gjennomgangen av poesi- og romanåret, ikkje er med oss lenger, viser NLÅ seg å vera eit vitalt fora for litteraturvitskapelege artiklar. Og: Jamvel om vi i fjor tok årboka over på digital publisering, held vi òg fram med å gi ho ut mellom to permar. Det som er digitalt tilgjengeleg, forsvinn snøgt i mengda og ropet etter merksemd i media. Soleis vonar vi at ryggen frå NLÅ 2025 stendig kan påminne om kva litteraturforskarar har synt interesse for i året som har gått, ei varsam seismografisk registrering av små forskuvingane i litteraturvitskapen.
Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.
Opphavsrett 2025 Forfatterne
