Norsk Litterær Årbok

Nyeste utgave

Vol 48 (2024)
Publisert november 25, 2024
Beskrivelse av nummer

I dette nummeret gjev Espen Grønlie ei nylesing av Haugtussa (1895), som tek utgangspunkt i korleis resepsjonen har vurdert «naturen» i langdiktet. Jon Fosse vart i fjor tildelt nobelprisen. Jamvel om vi no er komne til 2024, feirar vi òg denne prisutdelinga med ein analyse av Kvitleik (2023). Gjennom ei intertekstuell undersøking peikar Øyvind Tveitereid Gulliksen på Fosses inspirasjonskjelder – alt frå Dante, i den kjende attdiktinga til Henrik Rytter og Sigmund Skard – til Moby Dick av Herman Melville. I fjor gjekk Hans Herbjørnsrud bort. Dette nummeret av NLÅ markerer òg novellekunsten til denne for mange kjære forfattaren gjennom ein undersøking Kjell Ivar Skjerdingstad har gjort.

Lesaren vil vidare finne andre spennande artiklar i dette nummeret. Det er ekstra hyggjeleg å ha ein ung litteraturforskar med på laget, Ingrid Lorange, som i fjor vart master på basis av ei oppgåve om bruken av levende modellar i forfattarskapen til Laura Kieler. Artikkelen hennar er ein omarbeidd versjon av delar av masteroppgåva. Lorange gjer ei nylesing av den samtidige resepsjonen av Kielers Mænd af Ære (1890) og Gunnar Heibergs Kong Midas (1890), og viser korleis Kieler – uretvist – møtte større motbør enn forfattarkollegaen Heiberg. Vi kan òg tilby tre andre artiklar: Ståle Dingstad undersøkjer korleis Absalon Pederssøn Beyers Om Norgis rige (1567) blir oppfatta av den fiktive karakteren og historikaren ved namn Fjord i Dag Solstads Roman 1987. I same artikkel ser Dingstad òg resepsjonen av Beyers noregsskildring i lys av Solstads roman. Morten Auklend har òg levert eit forvitneleg bidrag som etablerer kontakt mellom eit moderne og eit historisk verk. Auklend granskar i sin artikkel ei rekkje allusjonar i Ingvild Burkeys diktsamling Den mest tenkelige av alle verdener (2008) til filosofen Leibniz’ Monadologien (1714). Ei nærlesing av lyrikk avsluttar også årboka. Hadle Oftedal Andersen les Inger Elisabeth Hansens dikt «Bruk og misbruk av klippeblåvingen» frå Å resirkulere lengselsen, avrenning foregår (2015), der han knyter seg til Timothy Mortons utgreiing av sambandet mellom økokritikk og dekonstruksjon.

Mer
Hele utgaven
Hele heftet (pdf)

Oppslagstavle

Manuslokk for NLÅ 2025

Norsk Litterær Årbok 2024 er no å finne både i bokhandel og på bibliotek. Og om eit bel kjem den digitale utgåva, som dermed innleier eit nytt kapittel i soga til årboka, som har gått over til Novus forlag. Redaktørane vonar artiklane i dette nummeret speglar att kva litteraturgranskarar i landet syslar med, og samstundes skriv seg inn i den litteraturvitskapelege samtalen.


Les mer

november 25, 2024
Vis alle utgavene