Vol 39 (2022)
Beskrivelse av nummer

Heile dette nummeret byggjer på konferansen «Stadnamn – språk, historie og landskap. Namnevitskapen i går, i dag, i morgon», som vart halden i Bergen 27.–28. oktober 2021 i høve 100-årsjubileet for Norsk stadnamnarkiv. Arrangør var Universitetet i Bergen ved Språksamlingane. Frå arrangøren har Peder Gammeltoft og Gunnstein Akselberg vore med i ­redaksjonen for dette nummeret. Alexandra Petrulevich heldt eit plenarføredrag ved konferansen, medan dei andre bidraga er omarbeidde ordinære innlegg.

Vi takkar alle som har sendt inn sine føredrag. Takk også til alle som velvillig har delteke i fagfellevurderinga.

Hele utgaven
PDF