Forfatterinstruks

Forfattarinstruks for Namn og nemne 

 

Manuskript skal sendast på e-post til redaksjonen i Microsoft Word- eller LibreOffice-format. Blir det bruka spesialteikn, ønskjer vi også ein PDF-versjon. Manus skal granskast av to anonyme sakkunnige utanom redaksjonen, og det bør derfor vera anonymt i den grad det lèt seg gjera. Redaksjonen har rett til å avvisa innsende artiklar som opplagt ikkje stettar kvalitetskrava i Namn og nemne

Namn og nemne tek imot artiklar på skandinaviske språk og engelsk. Artiklar på skandinaviske språk skal ha eit samandrag på engelsk, artiklar på engelsk eit samandrag på eit skandinavisk språk. Samandraget på 100–150 ord skal gje innsyn i dei viktigaste momenta i artikkelen: tema, datagrunnlag og hovudresultat. Forfattaren er sjølv ansvarleg for språkvask, medan redaksjon og forfattar saman les sluttkorrektur.

Formelle krav

Bruk ein vanleg font, skriftstorleik 12 og halvannan linefråstand. Teksten kan ha mellomtitlar, med eller utan nummer (i lange artiklar er nummererte mellomtitlar på to nivå tilrådd). Bruk feit skrift for nivå 1, vanleg skrift for nivå 2. Avsnitt blir markert med innrykk, ikkje blankline.

Sitat på tre liner eller meir skal skiljast frå teksten med innrykk og 11 punkt skrift, og skal ikkje ha sitatteikn. Kortare sitat inngår i løpande tekst med «sitatteikn».

Artiklar på norsk brukar doble «sitatteikn»; artiklar på andre språk følgjer standarden i det aktuelle språket. Enkle ‘sitatteikn’ blir bruka for å visa innhald/tyding: Bygdin ‘den bøygde’. Såkalla «en-dash» (ikkje bindestrek) kan brukast til å markera innskot, og skal brukast om utstrekning: 1940–45, s. 25–30.

Namn og nemne brukar fotnotar, ikkje sluttnotar. Bruken bør ikkje overdrivast; vurder alltid om notane heller bør takast inn i teksten. Fotnoteteikn skal plasserast etter skiljeteikn.¹

Tabellar og figurar (bilete, kart e.l.) skal nummererast, og det skal alltid visast til dei med dette nummeret i teksten, fordi plasseringa kan endrast i ombrekkinga. Tabellar skal ha overskrift (over tabellen), figurar skal ha bilettekst (under figuren). Tabellar og figurar kan plasserast i teksten omtrent der dei skal vera, eller det kan markerast i teksten kvar dei skal inn, og sjølve tabellen/figuren leggjast ved. Forfattaren må sjølv a) syta for at bilete, kart e.l. har god nok kvalitet for trykking, og b) få løyve til å gje att illustrasjonar/bilete som ikkje er eige verk.

Namn og nemne brukar normalt IPA-lydskrift. Andre lydskriftkonvensjonar kan vera moglege, men må forklarast i teksten; det er t.d. aktuelt å gje att Norvegia frå eldre kjelder.

Kvar årgang inneheld informasjon om bidragsytarane. Dette inkluderer fødselsår, høgste akademiske grad, stillingstittel, institusjonstilhøyrsle og e-postadresse. Dette blir ordna i korrekturfasen etter at ein artikkel er godkjend.

 

Referansestil

Litteraturtilvisingar skal stå i løpande tekst (ikkje fotnotar) og følgja forfattar-år-systemet. Døme:

  • (Indrebø 1927: 98), eller: Gustav Indrebø (1927: 98) meiner … 
     Det skal vera mellomrom etter kolon, men inkje teikn mellom forfattar og årstal.
  • Fleire kjelder i same parentes blir skilde med semikolon: (Grov & Berg-Olsen 2015; Helleland 2022).

Den alfabetiske litteraturlista til slutt skal førast etter denne malen:

  • Bøker: Etternamn, førenamn. Årstal. Tittel. Utgjevarstad: Forlag.
    Døme: Indrebø, Gustav. 1927. Norsk namneverk. Oslo: Olaf Norli.
    Døme: Tylden, Per & Jørn Sandnes (red.). 1968. Namn i fjellet. Oslo: Samlaget.
  • Tidsskriftartiklar: Etternamn, førenamn. Årstal. Tittel. Tidsskrift årgang(nummer): sidetal.
    Døme: Helleland, Botolv. 2022. Stadnamnarkivet hundre år. Namn og nemne 39: 103–124.
    Døme: Petrulevich, Alexandra, Agnieszka Backman & Jonathan Adams. 2019. Medieval Macrospace through GIS: The Norse World Project Approach. The Cartographic Journal 57(1): 18–27. https://doi.org/10.1080/00087041.2019.1596341.
  • Antologikapittel: Etternamn, førenamn. Årstal. Tittel. I tittel, red. av redaktør, sidetal. Utgjevarstad: forlag.
    Døme: Nyman, Eva. 2012. De norska ortnamnen Skaun (Skogn) och det svenska Skön. I Germansk filologi og norske ord, red. av John Ole Askedal, Tom Schmidt & Rolf Theil, 141–156. Oslo: Instituttet for sammenlignende kulturforskning/Novus.
  • Avhandlingar: Etternamn, førenamn. Årstal. Tittel. Institusjon.
    Døme: Heide, Eldar. 2006. Gand, seid og åndevind. Dr. art.-avhandling, Universitetet i Bergen.
  • Kjeldeutgåver: Tittel, utg. av utgjevar. Utgjevarstad: Forlag, årstal.
    Døme: Aslak Bolts jordebok, utg. av Jon Gunnar Jørgensen. Oslo: Riksarkivet, 1997.

Undertitlar/serieopplysingar trengst vanlegvis ikkje, men når ei bok har kome i fleire utgåver, må utgåve spesifiserast. Digitale publikasjonar må ha DOI eller nettadresse. Ved tilvising til nettsider som kan bli endra, bør ein ta med dato, t.d. slik: Kristiansen, Nina & Christian-Emil Ore. 1998. Dokumentasjonsprosjektets sluttrapport. https://www.dokpro.uio.no/sluttrapp.pdf (lese 10.03.2023).

Fra forlaget: Benytt Crossref sin Simple Text Query for å sjekke referanseliste og finne doi for artikler som har dette: https://apps.crossref.org/SimpleTextQuery

Vanlege og velkjende kjelder kan avstyttast, t.d. NG (Norske Gaardnavne), NSL (Norsk stadnamnleksikon), NO (Norsk ordbok. Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet). Dei kan førast slik:

  • NSL = Jørn Sandnes & Ola Stemshaug (red.). 1997. Norsk stadnamnleksikon. 4. utg. Oslo: Samlaget.
  • NG 14 = Oluf Rygh. 1914. Norske Gaardnavne 14. Søndre Throndhjems amt. Utg. av Karl Rygh. Kristiania: Fabritius & sønner.