Tidsskriftet

HOVUDFOKUS OG SPENNVIDDE

Namn og Nemne er hovudorganet for norsk namnegransking. Det er ein vitskapleg publikasjon som vender seg til og publiserer arbeid av alle som interesserer seg for norsk namnegransking i vid meining (stadnamn, personnann og andre namnekategoriar, som husdyrnann, skipsnamn, gatenamn osb.). Namn og Nemne melder aktuell, ny norsk og nordisk namnevitskapleg litteratur.

OM FAGVURDERINGSPROSESSEN

Bidrag til Namn og Nemne blir vurderte av to fagfellar utanfor redaksjonen. «Dobbel blind». Det er utarbeidd ein instruks (bedømningsskjema) for kva kriterium som skal leggjast til grunn for vurderinga.

OPEN ACCESS-RETNINGSLINER

Tidsskriftet kjem til å gjeva alle brukarar open tilgang (Open Access), det vil seia fri og gratis tilgang til alt publisert innhald.

ARKIVERING

Dette tidsskriftet benytter LOCKSS systemet for å utvikle et distribuert arkivsystem sammen med andre tilsluttete bibliotek, og tillater disse bibliotekene å opprette permanente fullstendige arkiv av tidsskriftet, til bevarings- og gjenopprettingsformål

LISENSIERING

Frå og med 2017 er artiklane som blir publiserte i Namn og nemne lisensierte under Creative Commons lisens CC-BY-SA https://creativecommons.org/licenses/by-sa/4.0/

Avgifter for artikkelpublisering

P.d.d. er det inga publiseringsavgift for dette tidsskriftet.

Informasjon om opphavsrett

Forfattarane beheld opphavsretten og gjev tidsskriftet rett til fyrste publisering av arbeidet. Ein Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0) gjev samtidig andre rett til å dela arbeidet med tilvising til forfattaren av arbeidet og til at det fyrst blei publisert i dette tidsskriftet.

Utgjevar

Novus forlag
Postboks 104 Oppsal
0619 Oslo