Vol 114 Nr. 2 (2022)
Beskrivelse av nummer

Ved eit fagleg seminar ved UiB hausten 2020 vart det markert at Språksamlingane no er på plass i Bergen. Målet med seminaret var å visa kva ressurs Språksamlingane er, både i språkforsking og i anna forsking. Det er også målet med dette temanummeret av Maal og Minne – det første i den lange historia til dette tidsskriftet.

Innleiinga til temanummeret er skriven av Peder Gammeltoft, leiar av Språksamlingane og Randi Neteland, leiar av Fagrådet for Språksamlingane. Dei presenterer dei digitale og fysiske ressursane knytt til dei fem ulike delane av samlingane: leksikografi, stadnamn, terminologi, målføre og norrønt, og skisserer nokre av dei moglegheitene og utfordringane som ligg i tida som kjem. Gammeltoft og Neteland presenterer også innhaldet i dei fem andre artiklane, like mangfaldig som samlingane dei tek utgangspunkt i. Vi viser lesaren vidare til innleiinga deira – og til dei meir spesifikke bidraga. God lesnad! Hans-Olav Enger og Ingvil Brügger Budal

Hele utgaven
PDF