Språksamlingane – ein mangfaldig forskingsressurs
PDF

Hvordan referere

Gammeltoft, P., & Neteland, R. (2022). Språksamlingane – ein mangfaldig forskingsressurs. Maal Og Minne, 114(2). https://doi.org/10.52145/mom.v114i2.2120

Sammendrag

Språksamlingane er i dag etablert som ein nasjonal ressurs for utforskinga av norsk språk. Vi kan grovt dele innhaldet i samlingane i fem hovudområde: Leksikografi, stadnamn, terminologi, målføre og norrønt. I kvart av desse delområda finn vi empiriske data om norsk språk som er samla inn over ein lang tidsperiode av ulike forskarar og forskingsprosjekt med røter i ulike forskingstradisjonar. Språksamlingane er i utgangspunktet ei samling av ulike og mangfaldige arkiv som hovudsakleg blei oppretta i første halvdel av 1900-talet (sjå nedanfor). Desse har over tid blitt utbygd og supplert - og seinare ganske omfattande digitalisert t.d. gjennom Dokumentasjonsprosjektet (1992-1997) og seinare Eining for digital dokumentasjon (EDD) ved Universitetet i Oslo (UiO). I 2016 blei dei fleste av språksamlingane ved UiO overført til Universitetet i Bergen (UiB) i ein massiv flytteprosess og samla under nemninga Språksamlingane (sjå meir om dette i Mykings artikkel i dette nummeret). Då stod det klart at dei fysiske samlingane aleine utgjorde 1,8 km arkivhyllemeter og dei digitaliserte delane 29 terabyte. Altså var det ei monumental oppgåve UiB tok på seg.

Språksamlingane er med andre ord ein samansett og mangfaldig forskingsressurs som det kan vere vanskeleg å få oversikt over. I tillegg til å vere ein forskingsressurs er Språksamlingane også brukt i forvaltninga av stadnamn, og Språksamlingane driftar nettordbøkene Bokmålsordboka og Nynorskordboka som er godt kjend og brukt av ålmenta. I dette temanummeret av Maal og Minne får vi døme på korleis ulike delar av Språksamlingane kan takast i bruk i moderne språkforsking. Denne korte innleiinga har som føremål å gi ei enkel oversikt over dei ulike delane av samlingane og kva desse delsamlingane inneheld av språkleg materiale.

https://doi.org/10.52145/mom.v114i2.2120
PDF
Creative Commons License

Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.

Opphavsrett 2022 Forfatterne