FORFATTARINSTRUKS
Innsending av bidrag: Manuskript til Maal og Minne skal sendast til hovudredaktør Ingvil Brügger Budal (Høgskulen på Vestlandet) som eit anonymisert word-dokument med font Times New Roman, 12 pkt. Vi tek ikkje imot artiklar som også er til vurdering andre stader. Bokmeldingar vil alltid bli tinga av redaksjonen.
Omfang: Ofte vil ein vitskapleg artikkel ha eit omfang på mellom 20 og 30 sider, men det vil òg vere rom for både lengre og kortare tekstar. Ikkje bruk kommentarar, tekstboksar og endringssporing i dokumentet.
Språk og språkføring: Maal og Minne publiserer artiklar på norsk, svensk, dansk, engelsk og tysk. Manus som sendast inn for vurdering, skal vere godt gjennomarbeidd, ha god språkføring og vere godt korrekturlest.
Samandrag: Artiklar skrivne på norsk, svensk eller dansk skal ha eit samandrag utan overskrift på inntil 150 ord på same språket som artikkelen. Dette samandraget står som ingress. I tillegg skal artikkelen ha eit tilsvarande samandrag på engelsk, som skal stå etter litteraturlista. Skriv "Summary" som overskrift for dette. Artiklar som er på engelsk eller tysk, skal ha eit innleiande samandrag på det språket artikkelen er skriven på og eit avsluttande samandrag på norsk etter likt mønster.
Nøkkelord: Under samandraget skal det stå "Nøkkelord:" fylgt av fem til sju nøkkelord på det språket artikkelen er skriven på.
Kapittelinndeling: Overskrifter skal ha nummer, der innleiinga byrjar med talet 1. Det bør ikkje vere meir enn tre undernivå på kapitla. Dei ulike kapittelnivåa skal markerast slik:
1 Mellomtittel på nivå 1 Feit
1.1 Mellomtittel på nivå 2 Kursiv
1.1.1 Mellomtittel på nivå 3 Normal
Avsnitt: Nytt avsnitt skal markerast med innrykk.
Sitat og sitatteikn: Lengre sitat (tre liner eller meir) skal ha innrykk og ei blank line før og etter. Bruk skriftstørrelse 11 pkt.
Kortare sitat inngår i teksten og skal ha doble sitatteikn «...». Dersom det er eit sitat i sitatet, brukast enkle sitatteikn innanfor rammene av dei doble.
Notar: Manuskriptet skal ha fotnotar, ikkje sluttnotar. Hald omfanget av notar på eit minimumsnivå. Notane skal ha nummerreferanse, og dei skal plasserast etter eventuelt komma, punktum osv. Dersom ein ynskjer ein eigen informasjonsfotnote, skal den settast på fyrste overskrifta, dvs. på innleiingsoverskrifta.
Språkvitskaplege teiknsystem, symbol og døme: Artiklane i Maal og Minne er innanfor mange ulike subdisiplinar av språkforsking, og forfattarane må først og fremst fylgje vanleg praksis for transkribering, forklaring av døme, osb. innanfor den subdisiplinen artikkelen tilhøyrer. I mange tilfelle vil det vere naudsynt å nummerere døma.
Maal og Minne kan trykke alle teikn i norrøn normalortografi, lydskrift (IPA og Norvegia) og runealfabetet.
For å angi tydinga av eit ord vert det vanlegvis nytta enkle sitatteikn.
Dersom ein vel å ha med glossing og grammatiske kategoriar, skal dei ha forma nedanfor. Fingraderinga av grammatiske opplysingar må sjølvsagt avgjerast av forfattaren.
(12) Han gick rätt igenom byn.
han. M.SG gikk rett gjennom bygd.DEF
’Han gikk rett gjennom bygda.’
Tabellar og illustrasjonar: Tabellar og illustrasjonar skal nummererast og ha ein kort forklarande tekst. Ta omsyn til sidestorleik i trykt utgåve av tidsskriftet i utforminga av tabellar og illustrasjonar.
Kjelder og kjeldebruk: Bruk Chicago 18 (forfattar-år), sjå Søk & Skriv eller The Chicago Manual of Style Online. Islandske forfattarar skal alfabetiserast på Fornavn Patronym, og i artikkelteksten skal begge namna nyttast.
Vi gjer merksam på at tidsskriftet ynskjer at det vert oppgjeve sidespenn for kapittel i redigert bok i litteraturlista, sjølv om dette ikkje er påkravd i Chicago 18.
Frå forlaget: Bruk Crossref sin Simple Text Query for å sjekke referanseliste og finne doi for artiklar som har dette: https://apps.crossref.org/SimpleTextQuery
Forfattarinformasjon: Heilt til slutt i manuskriptet skal forfattarinformasjon stå, med desse opplysingane: namn, eventuell institusjonstilhøyrsle, postadresse og e-postadresse.
