Ei ny religiøs rørsle tek form
PDF

Emneord (Nøkkelord)

Shamanistic Association
denomination
visions
negotiations
representation

Sammendrag

13.3.2012 vart Sjamanistisk Forbund godkjent som eige trussamfunn av fylkesmannen i Troms. Godkjenninga innebar oppretting av ein sjamanistisk landsorganisasjon og eit fylkeslag for Tromsø kommune. I søknaden til Fylkesmannen går det fram at forbundet er særleg oppteke av å forvara den samiske og norrøne sjamantradisjonen. Forbundet ynskjer å opna for eigne sjamanistiske seremoniar knytt til dåp, bryllaup, konfirmasjon og gravferder. I tillegg skal trommereiser gjennomførast ved kvart jamdøger og ved fullmåne. Gjennom intervju med aktørane bak opprettinga av Sjamanistisk Forbund set eg i denne artikkelen fokus på den religiøse skapingsprosessen som tek form i forkant og etterkant av godkjenninga. Eg spør kva typar forhandlingar, tilpassingar og møter som oppstår i denne konteksten. Målet er å undersøkja interesser og underliggjande føresetnader involvert i prosessen og visa korleis forbundet, av ulike aktørar, vert gjeve innhald, verdi og meining som eit religiøst trudomssamfunn.
PDF

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0) gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.