Presentasjon av museumsutstillinga "God bedring - Menneske, teknologi og viten på sjukehus"
PDF

Hvordan referere

Hamran, O. (2006). Presentasjon av museumsutstillinga "God bedring - Menneske, teknologi og viten på sjukehus". Tidsskrift for Kulturforskning, 5(4). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/TFK/article/view/577

Sammendrag

I utstillinga er det utstilt og formidla mange andre slike personlege skildringar og forteljingar frå og om sjukehus. Den som ser utstillinga, kan og sjå leiker frå Barneavdelinga, sjukehusprestens døypefat, hjernekniv og hjernefat og anna obduksjonsutstyr, anestesimasker, lab-utstyr, sjukehuskunst og lesarbrev, operasjonsutstyr og vin til medisinsk bruk. Ulike studieobjekt og -preparat er også stilt ut. Vevsprøver og organ lagt på sprit for dokumentasjon og formidling av skadar og sjukdommar er vist fram. Mellom anna innehold utstillinga ei hudremse med fire kulehol frå bakhovudet til grosserar Edvard Rustad. Rustad blei funnen død i sin Dodge på Grev Wedels plass i Oslo, 11 januar 1934 kl 0045, inntulla i eit rutete ullteppe, avretta på Chicago-vis. Nokon gjerningsmann blei aldri funnen og dømd. Hudremsa med kulehola blei i samtida skore ut og lagt på sprit som dokumentasjon av det som blei ei av dei mest omtalte kriminalsakene i Norge i 1930-åra. Nå er saka altså komen på museum.
PDF
Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0) gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.