Store tankar i små bygder? Overlevingsevna blant familiebedrifter i norsk distriktsreiseliv
PDF

Hvordan referere

Engeset, A. B. (2021). Store tankar i små bygder? Overlevingsevna blant familiebedrifter i norsk distriktsreiseliv. Tidsskrift for Kulturforskning, (2). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/TFK/article/view/2047

Sammendrag

Avhandlinga har utgangspunkt i forskingsprosjektet Second Generation Rural Tourism /Andre generasjon bygdeturisme (2011-2015), der målet var å undersøke korleis norsk distriktsreiseliv kan bli meir økonomisk og sosialt robust og miljømessig berekraftig. Innretninga var ein kvalitativ studie og studieobjekta var små og store tilbydarar innan norsk distrikts­reiseliv. Den første artikkelen i avhandlinga, ein studie av norsk gardsturisme, vart ein inngang til forskingsfeltet rural turisme, og ei plattform for resten av avhandlinga om norsk distriktsreiseliv. Både norsk og internasjonal forsking omtalar aktørane i den rurale turismen vanlegvis som småskala, ofte knytt til gardsturismen - som for alvor skaut fart i etterkrigstida - og med liten vilje eller evne til vekst og innovasjon. Dette biletet av den rurale turismen passar berre delvis med norsk distriktsreiseliv slik det framstår i dag. I Bygde-Norge finst det også store turisthotell, der hotellvertar i fleire generasjonar har teke i mot gjestar frå heile verda. Desse familieeigde distriktshotella er ikkje inkluderte i verken internasjonale eller norske studiar av den rurale turismen, i studiar av familiebedrifter generelt eller i studiar av norsk hotellnæring. Eit empirisk kunnskapshol var dermed avdekka og distriktshotell vart såleis tema for resten av avhandlinga. Vidare arbeid med avhandlinga var vidareutvikla frå det opphavelege forskingsprosjektet, både i val av studieobjekt og av informantar. Ikkje minst vart den teoretiske tilnærminga vidareutvikla. Hovud­vekta i avhandlinga vart lagt på hotell­studien; i to av tre artiklar studerer eg norske, familieeigde distriktshotell.

PDF
Creative Commons License

Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.

Opphavsrett 2021 Agnes Brudvik Engeset