Personnamnarbeid av P.A. Munch
PDF

Hvordan referere

Nedrelid, G. (2018). Personnamnarbeid av P.A. Munch. NAMN OG NEMNE, 34. Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/NON/article/view/1467

Sammendrag

Kristoffer Kruken har gjeve ut Munchs namneartiklar frå 1840 og -50-talet, med føreord, innleiing, litteraturliste og register over føre-namn, etternamn og stadnamn. Det er vorte ei prydeleg bok på nesten 300 sider. I føreordet blir Munch plassert attmed Aasen som den andre pioneren i norsk personnamngransking. Det er, som Kruken skildrar i innleiinga, ei naturleg og rettkomen plassering. Det var Munch som tok fyrste spadestikket, med artikkelen "Nogle Ord til Overvejelse om vore brugelige Personnavne, og om at holde vore nationale Navne i Agt og Ære" trykt i Norsk Folke-Kalender i 1849. Den andre artikke-len, "Fremdeles om Valget af Personsnavne, og Vedligeholdelsen af vore nationale Navne" kom i 1854, ogso i Norsk Folke-Kalender. Den tredje og største, "Om Betydningen af vore nationale Navne tilligemed Vink angaaende deres rette Skrivemaade og Udtale", kom i Norskt Maanedsskrift i 1857. På same tid publiserte Ivar Aasen to artiklar i Folkevennen, i 1854 og 1855, men Norsk Navnebog kom ikkje før i 1878. Før ho kom ut, var det Munch som hadde publisert mest om per-sonnamn i Noreg. Men hans produksjon om emnet kom ikkje i bok-form, og artiklane var mindre tilgjengelege enn Aasens bok var.
PDF
Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet.