Abstract
No har eg akkurat lese ei ny og innbydande bok om barns leikande språkbruk og språklæring. Veier til språk i barnehagen er gjeven ut på Universitetsforlaget med Sonja Kibsgaard som redaktør. Boka er fagfellevurdert, og 12 artiklar har fått plass i den fleirfaglege vitskaplege antologien. Ei fargerik framside, utforma som eit kart over eit lite nærområde, har kreative gatenamn som Akebakken, Lekegata, Kjærlighetsstien og Musikkveita. Etter å ha lese og tenkt meg gjennom bokas 223 sider, veit eg at desse vegane på framsida innbyr lesaren til ei vid og tverrfagleg tilnærming til barns språklæring. Ein tydeleg uttrykt intensjon er "at barn gjennom språklæringsprosesser må få tillit til egne tanker, språklige uttrykk og væremåter" (Kibsgaard 2018:17). Redaktøren og medforfattarane ynskjer altså at antologien skal påverke barnehagefeltet. Boka responderer nok også på forskrifta til ny rammeplan for barnehagen der det vert understreka at barna skal få bruke heile kroppen og alle sansar i sine læringsprosessar (Utdanningsdirektoratet 2017).Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)Â gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.