Sammendrag
I denne artikkelen analyserer eg Inger Elisabeth Hansens dikt «Bruk og misbruk av klippeblåvingen» (2015). Eg knyter meg til Timothy Mortons utlegging av sambandet mellom økokritikk og dekonstruksjon, slik dette kjem til uttrykk i essayet «Deconstruction and/as ecology» (2014). Gjennom analysen av diktet argumenterer eg for at det kan lesast på to nivå: Det primære nivået er ei økopoetisk skildring av ein utryddingstruga sommarfugl. Det sekundære nivået er ein dekonstruksjon, der det gjennom diktet oppstår ei peiking mot det umoglege for oss i å gripa sommarfuglens ikkje-menneskelege eksistens. Gjennom å visa at denne siste forståinga kjem til gjennom lesingar av eksplisitte, metapoetiske sekvensar og ei synleggjort «sommarfuglifisering», som analogt med vår menneskelege verdsoppleving føreset ei forståing av «verd» i heideggeriansk forstand, meiner eg å visa at det er diktet sjølv som legg fram denne dekonstruksjonen.Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.
Opphavsrett 2024 Hadle Oftedal Andersen