Sammendrag
Artikkelen tek opp eit poeng som Randy Boyagoda argumenterte for i ein spalte om Jon Fosses forteljing, Kvitleik, i New York Times, der han hevda at den vesle boka Kvitleik var ei forunderleg «rewriting» av heile Dantes Den guddomelege komedie. Eit hovudpunkt i artikkelen er difor å vise til kontakten mellom Fosses tekst og Dante og vidare til anna visjonsdikting. Fosses hovudperson går inn i ein mørk skog åleine, ein vinterdag. Det er kaldt og det snør. Det blir argumentert for at lesaren kan lage intertekstuelle liner i arbeidet med Fosse sin tekst. Til samanlikning blir det vist til metaforbruk i tekstar av blant anna Sigmund Skard og Tarjei Vesaas. Ordet «kvitleik» er eit vanskeleg ord å bruke på engelsk. Det er truleg difor den engelskspråklege utgåva av boka har fått tittelen A Shining. I slutten av artikkelen blir omgrepet kvitleik samanlikna med «The Whiteness of the Whale» i Moby-Dick.
Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.
Opphavsrett 2024 Øyvind T. Gulliksen