Sammendrag
I 2022 sende dei førre redaktørane av Norsk litterær årbok (NLÅ) ut ei innkalling til eit møte: Benedikt Jager og Nora Simonhjell søkte etter ny redaksjon for tidsskriftet. Samtidig varsla dei ei stor endring: Det Norske Samlaget, som har stade som utgjevar sidan skipinga av NLÅ, valde å ikkje gje ut årboka lenger. Det hadde konsekvensar. For det fyrste var det fare for at NLÅ no ville gå inn. Og dersom det lukkast å berge NLÅ, ville det medføre store endringar i innhaldet og profilen til NLÅ. Heldigvis gjorde Jager og Simonhjell ein formidabel innsats ved å forhandle seg fram til eit nytt forlag – Novus forlag, som alt har fleire akademiske tidsskrift under vengene. Vi i den nye redaksjonen er takksame for det store arbeidet dei to la i dette bergingsarbeidet. NLÅ er no kome til ei trygg hamn og vonar på eit godt samarbeid med Novus forlag i komande år.
Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.
Opphavsrett 2024 Forfatterne