Manuslokk for NLÅ 2025

Velkomen til å sende inn artiklar til Norsk Litterær Årbok 2025

Norsk Litterær Årbok 2024 er no å finne både i bokhandel og på bibliotek. Og om eit bel kjem den digitale utgåva, som dermed innleier eit nytt kapittel i soga til årboka, som har gått over til Novus forlag. Redaktørane vonar artiklane i dette nummeret speglar att kva litteraturgranskarar i landet syslar med, og samstundes skriv seg inn i den litteraturvitskapelege samtalen.

Samtidig med at NLÅ 2024 kjem ut, vil vi invitere til innsending av manus til neste års utgåve, med 1. mars 2025 som frist. Vi balar med spørsmål som vi sjølve ikkje har høve til å forfylgje, og vonar andre i det vide kollegiet òg undrast over: Kva forfattarskap eller verk har ikkje fått den merksemda dei fortener? Både historiske og samtidige forfattarskapar. Kva er tendensane i norsk litteratur og litteraturforsking på 2020-tallet? Korleis har den omsette litteraturen påverka norsk bokheim, forfattarar og marknad?

Formalia: 40 000 teikn, Times New Roman, linefråstand 1,5. Gjer vel å paginere, og bruk fotnotar berre om det er naudsynt. Referansestilen er Chicago. Send manus på e-brev til begge redaktørane.

 

Med venleg helsing

Ronny Spaans (r.g.spaans@iln.uio.no)

og Christopher Messelt (christopher.messelt@hiof.no)