Å velje eit minorisert språk: mellom språk­politiske ideal og språkleg realitet
PDF

Hvordan referere

Thingnes, J. S. (2021). Å velje eit minorisert språk: mellom språk­politiske ideal og språkleg realitet. Maal Og Minne, 112(2), 42. Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/MOM/article/view/1902

Sammendrag

Artikkelen tek føre seg Høgskulen på Vestlandets (HVL) avgjerd om å ha nynorsk som hovudspråk og korleis vedtaket vart grunngjeve og konkretisert då institusjonen utarbeidde språkpolitiske retningslinjer. Artikkelen drøftar kva som skjer i det språkpolitiske spenningsfeltet mellom ideal og realitet, og han synleggjer avvegingar og diskursar om nynorsk. Materialet er samla inn ved å observere arbeidet med å utvikle retningslinjene. Det består primært av intervju, observasjon, høyringssvar og endelege retningslinjer for institusjonen. Analysen kombinerer etnografisk orientert diskursanalyse og språkpolitisk etnografi, og datamaterialet vert studert i lys av teoriar om språkleg autentisitet, legitimitet og språkplanlegging (særleg Woolard 2005; Mæhlum 2007; van Leeuwen 2007). Artikkelen syner korleis nynorsk er del av ein minoritetsspråksdiskurs der språkval stadig må forklarast og forsvarast. Vidare syner han korleis HVL kan vere med på å oppretthalde og endre det bildet av nynorsk som gjorde det naudsynt å forsvare språkvalet i første omgang.

PDF
Creative Commons License

Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.