Fremje nynorsk? Språkpolitikk i kommunar med nynorskskular
MOM-2-2025 Cover
Artikkel (pdf)

Hvordan referere

Thingnes, J. S., & Hope, F. (2025). Fremje nynorsk? Språkpolitikk i kommunar med nynorskskular. Maal Og Minne, 117(2). https://doi.org/10.52145/mom.v117i2.2470

Sammendrag

Denne artikkelen presenterer ein innhaldsanalyse av 39 språkpolitiske dokument frå nynorskkommunar og språknøytrale kommunar. Føremålet er å analysere kva dokumenta tek sikte på å regulere, kva som kjenneteiknar kommunal språkpolitikk, og om den kommunale språkpolitikken kan bidra til å realisere språklova (2021). At språklova gav kommunane som offentlege organ eit «særleg ansvar for å fremje nynorsk» (§1), er eit viktig bakteppe. Vi nyttar ulike typar språkplanlegging som teoretisk og metodisk ramme. Analysen syner at språkprofilar og språkbruksplanar er dei to hovudtypane språkpolitiske dokument i kommunane, og ved å skildre desse dokumenttypane syner vi kva som kjenneteiknar kommunale språkpolitiske dokument. Funna i artikkelen viser at mange dokument, og særleg språkprofilar, ikkje realiserer føremålet med språklova. Eit viktig funn er at det er dokumenta som er nyare enn språklova, som i størst grad driv prestisjeplanlegging. Dette kan vitne om at lova har bidrege til at fleire kommunar fremjar nynorsk.
https://doi.org/10.52145/mom.v117i2.2470
Artikkel (pdf)
Creative Commons License

Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.

Opphavsrett 2025 Forfatterne