Folkemusikk og kunstmusikk i Den norske kyrkja
PDF

Emneord (Nøkkelord)

Kyrkjemusikk
folkemusikk
kultursosiologi
smak/avsmak
folket/det folkelege

Sammendrag

Musikklivet i Den norske kyrkja har ofte vore prega av spenningar mellom "det kunstnariske" og "det folkelege". Ein viktig del av 1800-talets nasjonalromantikk var å gjera folkekulturen til råstoff for ein ny, nasjonal kunst. Gradvis vann folkemusikken aukande aksept innan kulturfeltet, også i kyrkja. Likevel vil det alltid vera noko som er omdiskutert. Den gode smaken har alltid sin motsats: avsmaken. Artikkelen drøftar ein del døme på aktuelle hendingar, verk og plateinnspelingar som er representative for desse prosessane. Døma er kronolgisk presenterte, men er inga musikkhistorisk framstilling. Snarare er dei utvalde for å visa korleis kultursosiologen Pierre Bourdieu sine teoriar om kultur og smak har vore, og framleis er relevante, på tross av skiftande historiske og kyrkjemusikalske omstende.
PDF

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0) gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.