NAMN OG NEMNE

Namn og Nemne, tidsskrift for norsk namnegransking, vert gjeve ut ein gong i året av Norsk namnelag. Medlemer av Norsk namnelag får tidsskriftet fritt tilsendt. Redaktørar er Ole-Jørgen Johannessen, emeritus Universitetet i Bergen; Gudlaug Nedrelid, Universitetet i Agder; Vidar Haslum, Universitetet i Agder; Tom Schmidt, Universitetet i Oslo.

Manuskript, bøker til melding og førespurnader til Ole-Jørgen Johannessen, Universitetet i Bergen, LLE Postboks 7805, N-5020 BERGEN. Send e-post.

I Namn og Nemne vert det publisert namneartiklar av ulikt slag, både vitskaplege artiklar og artiklar av meir populærvitskapleg karakter. Her er artiklar om einskilde namneklassar, namnetolkingar, namngjeving, normering av namn, namneteoretiske spørsmål, etymologiske problemstillingar, busetjingshistorie og namn, namn og kulturhistorie osb. I tidsskriftet finst det også namnefaglege diskusjonar og kommentarar til aktuelle namnespørsmål. Kvart hefte har òg meldingar av viktig norsk og nordisk namnelitteratur. Med jamne mellomrom kjem tidsskriftet med register over namn og namnelekkar som har vore omtala i tidlegare hefte, og hefta kan såleis nyttast til oppslag o.l.


Vol 33 (2016)


Omslagsside