Sammendrag
Store norske leksikon på nettet (SNL, snl.no) har utvida materialet med personnamn mykje dei siste åra. Det er lagt til svært mange artiklar om enkeltnamn, og kvar artikkel har fått mykje meir informasjon enn tidlegare. Det er i oktober 2024 i alt 5774 artiklar, der mange er nære eller meir fjerne variantar. For nokre år sidan var det hovudsakleg korte opplysningar om opphav, tyding og talet på fødde i Noreg i perioden 1900–2007. Frå hausten 2023 er talopplysningar sterkt utvida for mange namn i artikkelen. Det omfattar kurver som viser bruk i tida 1800–2022, i prosent av fødde. Det er ein kombinasjon av opplysningar frå Statistisk sentralbyrå (SSB) og frå utrekningar som byggjer på omfattande tilrettelegging av opplysningar frå folketeljingane i 1865 og 1900. I tillegg finst oversyn over bruk av namn for kvart fylke på 1800-talet, både som stolpediagram og i noregskart. Samla tal for berarar sidan 1900 finst frå eldre artiklar, men er elles erstatta med tal i 2022, for første eller einaste førenamn. Andre opplysningar er òg lagde til, slik som tal for bruk som førenamn nr. 2 for mange av namna, første kjende berar for nylaga namn, trendar som mange av namna er del av no og i fortida, og kjende namneberarar som finst elles i SNL, og namnedagar.Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.
Opphavsrett 2024 Ivar Utne