Svenskt ortnamnslexikon
PDF

Hvordan referere

Helleland, B. (2018). Svenskt ortnamnslexikon. NAMN OG NEMNE, 34. Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/NON/article/view/1466

Sammendrag

Svenskt ortnamnslexikon kom ut fyrste gongen i 2003. Då hadde Norsk stadnamnleksikon alt vore ute i 27 år. I Danmark kom fyrste ut-gåva av Dansk Stednavnelexikon ut i tre små bind på 1980-talet og i eit sterkt revidert tobindsverk i 1994 med tittelen Stednavneordbog. Så det svenske stadnamnleksikonet var eit lenge etterlengta verk. Med dei rundt 6000 oppslagsartiklane hadde Sverige og Norden no fått ein lett tilgjengeleg tilgang til forklaring av dei mest kjende og brukte svenske stadnamna. Det hausta då òg gode ord både heime og i gran-nelanda. "Det er … ingen tvil om at leksikonet vil få ein sentral plass som referanseverk for stadnamngransking både i og utanfor Sverige" skreiv Oddvar Nes i sin omtale av fyrsteutgåva i Namn og Nemne 21/22). Tom Schmidt lèt òg vel i si melding av fyrsteutgåva i Namn och bygd 92 (2004).
PDF
Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet.