Abstract
I denne artikkelen ser eg nærare på forskinga på individuelle faktorar i andrespråkslæringa. Dette er eit sentralt tema fordi omfattande individuell variasjon i læringstempo og oppnådd sluttresultat er kanskje det som i størst grad skil andrespråkslæring frå anna språklæring. Artikkelen gir ein kort introduksjon til forskingsfeltet. Aktuelle problemstillingar og sentrale omgrep vert presenterte, og den posisjonen forskinga på individuelle skilnadar tradisjonelt har hatt, vert også drøfta. I hovuddelen av artikkelen vert det diskutert nokre tendensar som gjer seg gjeldande i dag, med utgangspunkt i forskinga på eit par sentrale faktorar: anlegg for språklæring, og motivasjon, samt at aldersfaktoren også vert kort omtala. Føremålet med artikkelen er å peika på kva som rører seg i forskingsfeltet, og ikkje å gi ei fullstending samanfatting av kva ein veit om kva som skapar individuelle skilnadar. Likevel gir artikkelen gjennom diskusjonen av utviklingsliner og tendensar eit visst innblikk i sentrale funn.Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)Â gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.