Abstract
Valdres folkemuseum var vertskap då Norsk folkemusikklag inviterte til seminar i 2015. Temaet var "Norske klimpreinstrument", men var konsentrert rundt langeleiken med utgangspunkt i utstillinga ved museet. Under seminaret lanserte laget òg skriftet "Hardingfeledekoren", som er basert på innlegg frå seminaret på Rauland i 2013. Det står som ein fri publikasjon frå laget og kom dette året i tillegg til det skriftet du held i handa. Seminaret på Fagernes er elles omtala under "konferanserapportar".Denne utgåva av Musikk og tradisjon er ei samling av frie artiklar med brei tematisk variasjon.
This work is licensed under a Creative Commons Attribution-NonCommercial-ShareAlike 4.0 International License.
Copyright (c) 2016 Musikk og Tradisjon