Sigrid Bø og Jarnfrid Kjøk: Lekamslyst II. Erotisk folkedikting i Noreg
PDF

Hvordan referere

Walton, S. J. (2017). Sigrid Bø og Jarnfrid Kjøk: Lekamslyst II. Erotisk folkedikting i Noreg. Musikk Og Tradisjon, 30. Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/MOT/article/view/1360

Sammendrag

Vitsar er som kjent saman med draumane éin av kongevegane inn i det umedvetne, og vi vitsar dermed om saker som gjer oss urolege, eller saker som vi ikkje blir ferdige med. Da NRK Telemark i 2008 skulle lage eit lite oppslag om utgivinga av det første bandet av storverket til Sigrid Bø og Jarnfrid Kjøk, kunne dei ikkje dy seg. "Erotikk mellom stive permer" proklamerte dei i overskrifta, og det var sikkert meininga at vi skulle smile av adjektivet nesten like mykje som journalisten nok hadde gjort. Men bak forsøket på å pakke det erotiske inn i humor, ligg det ei ubevisst sannkjenning av at vi kanskje heller ikkje i det teoretisk seksuelt frigjorde Noreg på 2000-talet er så bekvemme i omgangen med framstillingar av lyst som vi liker å tru. Og reint særskilt liker vi å tru at vi er meir frigjorde seksuelt enn folk som har vakse opp i tradisjonssamfunn, både i tidlegare tider her i landet, og slike som i nyare tid har flytta hit. Dermed er denne boka i tillegg til mange andre gode eigenskapar, både aktuell og nødvendig. Ho syner at tradisjonssamfunnet ikkje var monolittisk i måten å forhalde seg til det erotiske og det seksuelle på. Folk forheldt seg til desse temaa svært ulikt. Og ved å innlemme materiale frå samtida, slik forfattarane gjer, får dei synt fram kontinuiteten i måtane folk har gripe kroppen og kjønnet på, og dermed får dei også vist noko av det uoppgjorde i synet vårt på dei i dag. Såleis blir bilde 7 på side 74 av den "kvite steinen", altså ein fallos­stein, i Åmotsdalen følgt av bilde 8 sju sider seinare av ein kraftig snøståkuk utanfor hovudbygget til den daverande Høgskolen i Telemark i Bø fotografert i 2011. Slike invitasjonar til å reflektere over det kommunikative innhaldet i folketradisjonens bruk av erotiske motiv til ulike tider, er det mange av her.
PDF
Creative Commons License

Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-NonCommercial-ShareAlike 4.0 International License.

Opphavsrett 2017 Musikk og Tradisjon