Den historiske utviklinga til ord på -vis
PDF

Hvordan referere

Kinn, T. (2013). Den historiske utviklinga til ord på -vis. Maal Og Minne, 99(1). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/MOM/article/view/265

Sammendrag

Substantivet vis, som no tyder 'måte, skikk', har gjeve opphav til tre
ulike suffiks: eitt som dannar setningsadverb (t.d. sannsynligvis og
heldigvis), eitt som dannar adjektiv med ulike slag tyding (t.d. forskuddsvis
og fylkesvis), og eitt som dannar spesialiserte fleirtalsformer
(overflodsfleirtal) av målssubstantiv (t.d. tusenvis og massevis).
Kvart suffiks er resultat av ein grammatikaliseringsprosess, og artikkelen
dokumenterer og analyserer desse utviklingane. Del 1 er ei kartlegging
av dei ulike konstruksjonane som vis/-vis har vore nytta i
gjennom dei siste 700 åra. Kjeldematerialet er døme frå Diplomatarium
Norvegicum, dei skjønnlitterære tekstane i tekstsamlinga til
Dokumentasjonsprosjektet og ekserperte ordbøker. Del 2 vil drøfte tilhøvet
mellom lån frå tysk og heimlege utviklingar og analysere dei
ulike grammatikaliseringsprosessane.
PDF

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)  gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.