Sammendrag
Artikkelen tar sikte på å utarbeide ein grammatikkfagleg fundert didaktikk for preposisjonar. Meininga med det er at all fagdidaktikk må funderast i konkret kunnskapsinnhald, og at kvart kunnskapsfelt såleis får sin særskilde didaktikk. Preposisjonsdidaktikken må då springe ut av teoretisk og empirisk kunnskap om preposisjonar. Derfor blir aktuell faglitteratur om preposisjonar brukt for å legitimere didaktikken. I artikkelen blir det skissert fleire preposisjonsfaglege tema som kvar for seg blir forsøkte didaktiserte. Temaa er ikkje uttømmande, men sentrale i den norske preposisjonskonteksten: kategorisering, overordna semantisk og syntaktisk språkteori, empiriske fenomen som bakgrunnsfremjing, geografiske variasjonar, diakrone endringar, lån og til slutt samansette og fusjonerte preposisjonar. Temaa er underordna metakonsepta eller dei grammatiske storsystema figur–bakgrunn-organisering, predikasjon og grammatikalisering. Når preposisjonsdidaktikken blir språkfagleggjord, får han ein eigenverdi og må ikkje kontekstualiserast eller legitimerast gjennom tilgrensande fagfelt, som tekstskaping. Vyane er at ein slik allmenndannande didaktikk skal ligge til grunn for språkopplæringa i morsmålsfaget.
Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.
Opphavsrett 2025 Leiv Inge Aa
