Om mønsterbøker for brevoppsett i norsk mellomalder
PDF

Hvordan referere

Hagland, J. R. (2016). Om mønsterbøker for brevoppsett i norsk mellomalder. Maal Og Minne, 107(2). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/MOM/article/view/1211

Sammendrag

Det har i ulike samanhengar vore stilt spørsmål om, og i tilfelle i kva grad, (sein)mellomalderens norske brevskrivarar har hatt mønsterbøker å stø seg til ved utforming av ulike slags brev. Men særleg presise svar på det er ikkje å finna i faglitteraturen om emnet. Dette vesle innstikket ønskjer difor å gi litt meir substans til dette spørsmålet enn det som har vore tilgjengeleg til no og vil så gjera ved å ta fram eit faktisk mønsterbrev i Hirdskråens kap. 36 (H 36) - og ved å drøfta tilvisingane til bréfabók konungsens i kap. 36 og 21 av dette lovverket. Her får vi, om ikkje anna, handfast og påliteleg kunnskap om at mønsterbøker har funnest i landets sentral-administrasjon, i alle fall frå andre halvdel av 1200-talet og frametter. Detaljert innsyn i korleis slike formularbøker har vore utforma går likevel ikkje fram av dette lovmaterialet. I kyrkjeleg samanheng må slike bøker i nokon monn òg ha vore tilgjengelege på latin, men også her vantar vi kunnskap om detaljert innhald i bøker som vart nytta her i landet.
PDF

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)  gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.