Sammendrag
Føreliggjande studie er eit oversyn over bruken av det personlege pronomenet i første person eintal og fleirtal i dei to eldste norske lovverka vi har bevart, Gulatingslova (G) og Frostatingslova (F). Eit utgangspunkt for arbeidet med oversynet har vore den tradisjonelle oppfatninga at slik pronomenbruk har sitt opphav i "den muntligt traderade ÊÂ"lagsagan', föredraget på tinget" som Carl Ivar Ståhle har formulert det. Ei gjennomgåing av språket i dei to lovtekstane viser eit langt meir samansett bilete av denne pronomenbruken, og har difor prøvd å klassifisera denne i samsvar med tekstlege brukskategoriar. Når det gjeld bruk av første person eintal, kan ein viss skilnad påvisast dei to lovverka imellom, jamvel om det bevarte handskriftsmaterialet med tekstane er nokså samtidig. Denne skilnaden kan godt oppfattast slik at delar av G står det munnlege nærare enn F, og det kan i sin tur vera med å underbyggja den gjengse oppfatninga at F, slik vi i dag kjenner denne, høyrer til ein annan og yngre fase i utviklinga av norsk lovspråk enn det G gjer. Bruken av det personlege pronomenet i fleirtal er gjennomgåande ikkje så ulik i G og F.Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0) gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.