Sammendrag
Denne boka er eit forsøk på å setje reformasjonen inn i ein stram politisk kontekst. Eit avgjerande metodisk val Imsen gjer, er å insistere på at reformasjonen representerte eit fundamentalt brot med kyrkjeleg tradisjon. Forfattaren tek utgangspunkt i at omgrepet kyrkje kan fyllast med ulikt innhald, og korleis ein definerer denne institusjonen får sjølvsagt store følgjer for korleis stoffet blir disponert. I innleiingskapitlet peiker Imsen på at ein kan "belyse forskjellige aspekter ved denne spennende historien", men det går klart fram at Imsen ser på kyrkja som materielt-historisk avvikla ved reformasjonen. Som det heiter på side 45: "Kirken, i bestemt form, er den institusjonen som hos oss forsvant i 1537, og som i rettslig og organisasjonsmessig forstand for alltid er tapt."Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0) gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.