Sammendrag
Alle som trur at det er verdifullt å stille spørsmål ved grunnleggande føresetnader for faglege horisontar og grep vil vonleg finne både inspirasjon og næring for givande tvil gjennom tekstane i dette nummeret. Det er fire særs forskjellige artiklar som her vert presentert. At dei står saman er tilfeldig. Dei skulle inngå i eit ope nummer, men då vi la dei etter kvarandre vart det straks tydeleg at dei har noko felles: dei utfordÂrar rådande perspektiv, langt meir enn det som har vore vanleg både i DÄ«n og i tidsskrift vi likar å samanlikne oss med. På ulike vis reiser dei krevjande kritiske spørsmål (som naturlegvis er langt viktigare enn dei eventuelle svara dei freistar å gi). Dei leiar lesaren til ståstader som gir originale og tidvis uventa innsyn og utsyn. Difor har vi valt å gi nummeret overskrifta "perspektiveringar".Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0) gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.