Sammendrag
I norske skolar der elevane har samisk som opplæringsspråk og fyrstespråk, får elevane andrespråksopplæring i norsk. Fram til 1975 vart dei same læreplanane nytta i samisk distrikt som elles i Noreg. I 1975 vart det opna for å nytte eigne planar i visse emne, m.a. i norsk. Norsk vart da oppfatta som eit fremmendspråk. I 1985 vart termen 'andrespråk' introdusert offisielt. Læreplanverket 2006 legg vekt på eit kontrastivt perspektiv. Elevane skal få trening i å jamføre språk og kulturelle fenomen. Dette perspektivet er nytt i planane, og vil vera nytt både for elevar og lærarar. Denne artikkelen er bygd på observasjonar frå norsktimar i ein samisk skole i Noreg. Målet med artikkelen er å peike på situasjonar som eignar seg for å drive med komparative aktivitetar, og å syne korleis ein kan grunngje slike aktivitetar lingvistisk og pedagogisk. Elevane sit allereie med mykje kunnskap om språklege og kulturelle skilnader, og artikkelen drøftar korleis slik kunnskapen kan integrerast i det som går føre seg i klasserommet.Nøkkelord: Læreplanar, kontrastiv undervisning, samiskopplæring, norskopplæring
Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)Â gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.