Litteratur i ein fleirkulturell kontekst
PDF

Emneord (Nøkkelord)

fleirkulturell litteratur
migrasjonslitteratur
translingval litteratur
dobbelperspektiv
kulturmøte
narrativ og identitet

Hvordan referere

Kongslien, I. (2016). Litteratur i ein fleirkulturell kontekst. NOA - Norsk Som andrespråk, 31(1-2). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/NOA/article/view/1189

Sammendrag

Artikkelen tek utgangspunkt i eit undervisningsemne der skjønnlitteratur som tematiserer migrasjon, kulturmøte og språkbyte står sentralt, saman med teoretiske og metodiske perspektiv. Denne litteraturen formidlar erfaringar frå fleirkulturelle kontekstar og gjev slik gode rammer i eit undervisningsemne som gjeld andrespråkstileigning. Innleiingsvis blir både ei historisk forankring i vår eigen migrasjon så vel som ei samtidig internasjonal kontekstualisering understreka, og dermed reflekterte i tekstutvalet. Ein presentasjon av samtidig migrasjons- og fleirkulturell litteratur i Norden, med drøfting av sentrale omgrep i arbeidet med denne nye litterære tradisjonen som til dømes migrasjonslitteratur og translingval litteratur, følgjer. På denne bakgrunnen blir analysar av tekstar av to svenske, ein norsk og ein dansk forfattar presenterte under tre tematiske overskrifter, i stikkords form identitet og dobbelperspektiv, språk og narrativ, eksil og fridom. Utvalet gjeld translingvale forfattarar. Den nye generasjonen forfattarar med fleirkulturell bakgrunn og eit nordisk språk som førstespråk blir kort nemnde. Avslutningsvis blir det peikt på den globale konteksten og det kosmopolitiske preget for denne litteraturen som kan seiast å nyskildre nordiske tilhøve og på at slik translingval og transkulturell litteratur er ein viktig kontekst for andrespråksfaget.
PDF

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)  gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.