Frå “språksamlingane” til Språksamlingane - prosessen og vurderingane
PDF

Hvordan referere

Myking, J. (2022). Frå “språksamlingane” til Språksamlingane - prosessen og vurderingane. Maal Og Minne, 114(2). https://doi.org/10.52145/mom.v114i2.2121

Sammendrag

I 2014 sa Universitetet i Oslo frå seg ansvaret for dei nasjonale språksamlingane, og ein omfattande offentleg debatt følgde. I 2015 overførte Kunnskapsdepartementet ansvaret for samlingane til Universitetet i Bergen med ei rammeløyving på seks millionar kroner. Artikkelen skildrar korleis Universitetet i Bergen posisjonerte seg og dei ulike strategiske vurderingane bak prosessen. Forsøket på redningsaksjon gjennom ei nasjonal ordbokgruppe med representasjon frå dei norske universiteta vert òg presentert. Universitetet i Bergen har akseptert ansvaret for samlingane som eit nasjonalt oppdrag, og slår no saman samlingane med eigne samlingar og samlingar frå andre institusjonar. Eit viktig resultat er at institusjonen har fått eit aktivt leksikografisk fagmiljø med fagleg ansvar for Bokmålsordboka, Nynorskordboka og Norsk Ordbok og tilleggsfinansiering over statsbudsjettet. Den avgrensa rammeløyvinga set grenser for drifta av andre delar av samlingane. Målet er framleis å utvikla samlingane som nasjonal forskingsressurs.

https://doi.org/10.52145/mom.v114i2.2121
PDF
Creative Commons License

Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.

Opphavsrett 2022 Johan Myking