Kva kan ein lære om kategorien gud dersom ein freistar å gå baklengs til verks?

Bjørn Ola Tafjord

Sammendrag


Kva gjer kategorien gud med det som vert plassert i den? Dersom den ofte og i stor grad er prega av kristne førestillingar, også i religionsvitskaplege samanhengar, korleis kan ein avdekke konsekvensar av det? Med utgangspunkt i det eg har lært i Talamanca om Sibö, ein figur i tradisjonelle bribriske forteljingar som ofte vert omtala som ein gud, har eg her laga ein ny kategori: sibö. Denne nyttar eg så som ei linse for ei tilnærming til ein kristen Gud. Korleis vert ein kristen Gud sjåande ut i lys av kategorien sibö? Svaret på dette spørsmålet bør i det minste kunne gi indikasjonar på noko av det som kan skje også i motsett tilfelle, altså når Sibö vert framstilt som ein gud.

Fulltekst:

PDF

Innkommende lenker

  • Det er p.t. ingen innkommende lenker.


ISSN 2387-6735

Creative Commons-lisens

Innholdet på dette nettstedet er lisensieret under en Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 4.0 Internasjonal lisens.