Framvekst av morfologi, syntaks og ordforråd i tidleg andrespråksutvikling - ein longitudinell kasusstudie
PDF

Emneord (Nøkkelord)

fleirspråklege barn
suksessiv fleirspråklegheit
andrespråksutvikling hos barn
grammatisk og leksikalsk utvikling

Hvordan referere

Gujord, A.-K. H., Neteland, R., & Selås, M. (2018). Framvekst av morfologi, syntaks og ordforråd i tidleg andrespråksutvikling - ein longitudinell kasusstudie. NOA - Norsk Som andrespråk, 34(1-2). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/NOA/article/view/1560

Sammendrag

I denne longitudinelle undersøkinga studerer vi den norskspråklege utviklinga innanfor ordforråd, morfologi og syntaks hos to fleirspråklege barn som starta å lære norsk i barnehagen. Det finst få empiriske studiar av barn som veks opp i ein slik språklæringssituasjon, og eit av føremåla med undersøkinga er å skaffe fram empirisk basert kunnskap om korleis grammatikken i andrespråket, i dette tilfelle norsk, veks fram hos denne gruppa språkinnlærarar. Det er også eit mål å utforske kva for metodar som eignar seg til å fange utviklinga av ordforråd og grammatikk hos så unge barn. Vi har prøvd ut ulike variablar, både reint kvantitative (ytringslengde, aktivt ordforråd målt som talet på substantiv og verb, både leksem og eksemplar, passivt ordforråd) og meir kvalitative (mest komplekse ytring, mest komplekse substantivfrase, spørsmålssyntaks o.a.). Mange av desse måla har gitt oss god innsikt i korleis unge, fleirspråklege barn utviklar majoritetsspråket. Vi knyt også undersøkinga opp til diskusjonen om korleis tidleg fleirspråkleg utvikling skal beskrivast og forståast. Vi argumenterer for at funna våre tyder på at der er ein effekt av forseinka oppstart, og at sjølv om ein tar til å lære eit andrespråk lenge før ein er tre år, vil utviklinga av andrespråket vere annleis enn utviklinga av førstespråket.
PDF

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)  gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.