Sammendrag
Artikkelen tek utgangspunkt i den fagbiografiske framstellinga om den norske målføregranskaren og motstandsmannen Konrad Eriksson som Geirr Wiggen hadde i Maal og Minne (2009, hefte 2). Avhandlinga til Eriksson om drevsjømålet har i mange år vore ein del av kjeldematerialet til Norsk Ordbok. To grunnleggjande spørsmål blir tekne opp i denne artikkelen. Det eine er om ei slik tradisjonell målføreavhandling med vekt på historisk fonologi også gjev relevante leksikografiske opplysningar, og det andre er om ho kan brukast som grunnlag for ei samanlikning av det tradisjonelle ordtilfanget i dialektane på norsk og svensk side av riksgrensa. Her er to svenske arbeid frå høvesvis Idre og Särna referansemateriale.Konklusjonen på det første spørsmålet er at i arbeid med historisk fonologi i eit målføre er semantiske vurderingar ein heilt naudsynt medspelar. Den junggrammatiske metoden i avhandlinga om drevsjømålet får fram påliteleg kunnskap om den semantiske sida av heimleg ordtilfang. Når det gjeld fellesskap i ordtilfang for grannebygder på begge sider av riksgrensa til Sverige, syner undersøkinga eit relativt sparsamt felles ordtilfang. Den fremste årsaka er truleg ulike utgangspunkt for og siktemål med dei tre jamførte arbeida. Riksgrensa har nok også hatt mykje å seie, men likevel dokumenterer desse ulike arbeida at ein femdel av det beskrivne ordtilfanget er felles.Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)Â gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.