Kva er eit erveord i norsk-dansk?
PDF

Hvordan referere

Myrvoll, K. J. (2013). Kva er eit erveord i norsk-dansk?. Maal Og Minne, 98(2). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/MOM/article/view/313

Sammendrag

Denne artikkelen kjem med ein kritikk av visse sidor ved den etymologiske
ordboki Våre arveord, som Harald Bjorvand og Fredrik Otto
Lindeman gav ut i 2000. Kritikken tek utgangspunkt i at verket ikkje
inneheld nokor prinsipiell dryfting og avgrensing av umgripet erveord,
noko som fører til ei skeiv framstelling av den seinaste bolken av ordsoga
(frå gamalnorsk til nynorsk). Våre arveord hev uppslagsformer
på bokmål og fører dei attende til gamalnorsk, men umtalar ofte klårt
danskrøtte former som lån frå dansk. Forfattaren gjeng på prinsipielt
grunnlag mot dette. Han legg til grunn at bokmålet ættar beint ned frå
det danske riksmålet og i røyndi er eit avbrigde av det (norsk-dansk),
og at ein difor lyt rekna dei danskrøtte formene som erveord og dei sernorske
formene som lån. I ein statistisk bolk vert samsvaret millom
norsk-dansk og dansk illustrert med ordtilfanget i Våre arveord. Kritikken
held so fram med ein ord-for-ord-gjenomgang av tilfelle der
Bjorvand og Lindeman ikkje segjer frå um det danske upphavet åt
norsk-danske ord og former, eller er for atterhaldne med å slå fast slikt
upphav. I ein siste bolk vert det peika på upplysningar um norske målføre
som er range eller vantar i Våre arveord.
PDF

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)  gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.