Tjukk l - Retroflektert tydeleggjering av kort kvantitet
PDF

Hvordan referere

Heide, E. (2013). Tjukk l - Retroflektert tydeleggjering av kort kvantitet. Maal Og Minne, 102(1). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/MOM/article/view/291

Sammendrag

Fleire har sett tjukk l, tjukk n og palatalisert og segmentert ll og nn i samanheng. Forfattaren peikar på korleis desse innovasjonane fordeler seg i Norden, på at dei høyrer til ei kvalitetskløyving av det gamle kvantitetssystemet, og på at kvalitetskløyvinga av vokalar og konsonantar er parallell. Sentral-Norden har særleg markert dei korte lydane, med retroflektering e.l., og randsonane særleg dei lange, med motsett tungestilling. Derfor forklarer forfattaren tjukk l som ei retroflektert tydeleggjering av kort kvantitet, oppstått innanfor det gamle kvantitetssystemet, truleg på 13-1400-talet, i Sentral-Norden fordi retroflektering er ein sentralnordisk innovasjon. - Tjukk l av rð er retrofleksassimilering av rð, på linje med /É- / og /ʈ / av rd og rt. På eit vis er da tjukk l av rð og tjukk l av l uavhengige, men dei er utslag av den same sentralskandinaviske retroflekteringstendensen. Artikkelen bygger på litteratur om språkhistorie, tjukk l og nordiske målføre og på lydlovsresonnement.
PDF

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)  gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.