Sammendrag
Bruk av magi i ymse former er eit kulturfenomen som kan følgjast attende til ei fjern fortid. Her i landet kjenner ein til at magi vart praktisert i norrøn tid og i mellomalderen. Magiske formlar vart brukte i munnleg form i generasjonar, men med utviklinga av lese- og skrivekunna på 1600- og 1700-talet kunne dei også formidlast i skrift. Ein sjanger for seg var dei handskrivne svartebøkene som har funnest i ulike former omkring på bygdene. Ved sida av trollformlar og annan magi inneheld dei også ein god porsjon rasjonell folkeleg medisin og praktiske oppskrifter. Storparten av det magiske materialet her i landet vart innsamla og prenta sporadisk utover 1800-talet, med Anton Christian Bangs Norske Hexeformularer og Magiske Opskrifter frå 1901-02 som eit ruvande hovudverk. Bangs samling inneheld 1576 tekstar. Ny utgåve ved Velle Espeland kom i 2005.
Emnet for denne artikkelen er ei samling magiske formlar som nyleg kom for dagen i gardsarkivet på Kirkhorn i Hornindalen i Nordfjord. Å lese og tolke slike tekstar byd på ei rekkje utfordringar.
Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)Â gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.