Sammendrag
Første delen av denne toledda artikkelen tek utgangspunkt i striden deisiste tiåra om statusen til det relative som. Forfattaren held fast på dettradisjonelle synet at somopptrer som eit relativt pronomen, og gårmot det synet der somblir omdøypt til subjunksjon og fråteke funksjonsom ledd eller ledd-del i eiga setning. Han viser til framstillinga avsomi eldre og nyare grammatikk og tek for seg argumenta mot somsom relativt pronomen. Klassifiseringa som subjunksjon i grammatikk-termtilrådinga frå Språkrådet og Utdanningsdirektoratet blir avvistsom endeleg sluttord i striden. I Språknytt 2-2007 kom Janne Bondi Johannesen og Kristin Hagenmed artikkelen "“Nye grammatiske termer i skoleverket"Â. Artikkelen vartruleg tenkt som ein oppklårande kommentar til tilrådinga. Denne for-fattaren ser det annleis. Han meiner at artikkelen heller aukar uvissakring den nye terminologien. I sin kommentar til Johannesen og Hagen,del 2 av artikkelen her, tek han for seg nokre av punkta hjå dei. Konklu-sjonen hans er at Språkrådet for sin del bør trekkje attende tilrådinga.Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0) gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.