Sammendrag
Denne artikkelen presenterer resultat av valensundersøkingar av lek-sikalsk nærskylde verb frå det norrøne og det moderne norske språk-steget. Utgangspunktet for undersøkingane er verb som i modernenorsk tek såkalla preposisjonsobjekt, dvs. verb av typen gråte (over),helse (på), lite (på) osv. Kva for valens hadde desse verba på det nor-røne språksteget? 60 % av dei norrøne verba tek òg komplement somliknar preposisjonsobjekt. Samstundes har halvparten av dei norrøneverba i undersøkinga nominalt objekt som einaste eller muleg alterna-tiv der dette ikkje er muleg i moderne norsk. Dette blir sett i saman-heng med tap av dei semantisk markerte kasusformene dativ og geni-tiv i moderne norsk. På det moderne språksteget er preposisjonareinaste mulege former for slik semantisk markert funksjonsmarkering.Ein annan viktig faktor ser ut til å vere at dei norrøne verba med nomi-nale objekt syner låg grad av semantisk transitivitet, og divalente verbmed preposisjonsobjekt er i moderne norsk intransitive verb, sidandesse objekta har form av preposisjonsfrase.Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)Â gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.