Sammendrag
Danmarkar bót, innskrifta på den eldste Jellingsteinen, blir av danske historikarar oppfatta som "Danmarks pryd", ei tolking lansert av språkforskar Karl Martin Nielsen i 1943. Eg har gått igjennom kva tydingar norrønt bót, f, og olddansk, middelalderdansk og nudansk bót, bod (f) har hatt ifølgje ordbøkene. Konklusjonen blir at bót, f, betyr 'betring', oftast 'utbetring', eventuelt 'styrking', i nokre høve 'gagn', men ikkje 'pryd'. Tolkinga 'pryd' er kjent frå eitt einaste døme, i islandsk, som kan oppfattast som særtilfelle av "bót=utbetring" brukt ved spesielle omstende. Frå dansk er tolkinga "bót, bod=pryd" ukjend. Danmarkar bót må oppfattast som 'Danmarks utbetring, styrking eller gagn'. Truleg brukte Gorm uttrykket på runesteinen for å visa til noko enten han eller kona Tyra hadde utført. Språkleg kan uttrykket visa til begge. Sidan rikets utbetring, styrking eller gagn var kongens ansvar, er det mest sannsynleg at Gorm karakteriserte seg sjølv med dette uttrykket.Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)Â gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.