Nynorskkompetanse og normrettleiings­kompetanse hos master- og lektorstudentar i nordisk
MOM-2-2024 Cover
pdf

Hvordan referere

Hoftun, A. W., & Helset, S. J. (2024). Nynorskkompetanse og normrettleiings­kompetanse hos master- og lektorstudentar i nordisk. Maal Og Minne, 116(2), 203–242. https://doi.org/10.52145/mom.v116i2.2318

Sammendrag

God språkleg normkompetanse i samfunnet er nødvendig for å vidareføra skriftspråka våre til kommande generasjonar, og heilt sentralt i implementeringa av dei språklege normene står noverande og kommande norsklærarar. Denne artikkelen presenterer resultat frå ein kvantitativ studie mellom 33 master- og lektorstudentar i nordisk, der føremålet var å kartlegga studentane sin eigenkompetanse i nynorsk og kompetansen deira til å gi rettskrivingsrettleiing på nynorske tekstar. Studentane blei først bedne om å korrigera ein autentisk elevtekst utan tilgang til hjelpemiddel, og samtidig markera ønskt ordbokbruk. Deretter skulle dei ta stilling til om eit utval førehandsoppstilte ordformer var innanfor eller utanfor gjeldande rettskriving. Til slutt skulle dei svara på eit spørjeskjema der me bad dei om å vurdera både eigenkompetanse og normrettleiingskompetanse i nynorsk. Resultata avdekker at storparten av deltakarane ikkje meistrar sentrale delar av nynorskrettskrivinga, og at dei fleste deltakarane har utfordringar med å gi adekvat rettskrivingsrettleiing på nynorsktekstar.
https://doi.org/10.52145/mom.v116i2.2318
pdf
Creative Commons License

Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.

Opphavsrett 2024 Forfatterne