Sammendrag
Frå 1951 har det vore slik at den eine redaktøren for Maal og Minne har hovudansvar for norrøn filologi, den andre for nordisk språkvitskap. Professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo, Hans Olav Enger, har hatt ansvar for nordisk språkvitskap frå og med 2016, altså for delen om “Maal”, og innsatsen han har lagt ned i tidsskriftet som heile og for det språkvitskaplege stoffet spesielt, er imponerande. Han har vore ein klok, raus og påliteleg redaktør som har styrt tidsskriftet med stø hand og stor fagleg kunnskap. Saman med Novus forlag har han bidrege til å halda tidsskriftet på eit høgt vitskapleg nivå. Bymålslaget og redaksjonen takkar Enger hjarteleg for ein formidabel innsats.Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.
Opphavsrett 2024 Ingvil Brügger Budal