Tilhøvet mellom fastsette og operative normer i bokmål
pdf

Hvordan referere

Helset, S. J. (2024). Tilhøvet mellom fastsette og operative normer i bokmål. Maal Og Minne, 116(1). https://doi.org/10.52145/mom.v116i1.2273

Sammendrag

Denne artikkelen undersøker korleis valfridomen innanfor offisielt bokmål nedfeller seg i operative normer i eit stort og breitt samansett utval av redigerte bokmålstekstar. Hausten 2021 vedtok styret i Språkrådet nye retningslinjer for normering av bokmål og nynorsk. I desse retningslinjene heiter det at «[d]et vesentlege grunnlaget for normeringa av bokmål er slik det ser ut i bokmålstekstar», og at normeringsgrunnlaget i første rekkje skal vere «tekstar som har vore gjennom ein redigeringsprosess». Med det til siktemål å styrke kunnskapsgrunnlaget for den vidare normeringa av bokmål har vi derfor gjennomført ein studie der vi har kartlagt bruken av ulike valfrie ordformer mellom 150 språklege variablar i eit breitt samansett utval av 452 redigerte og publiserte tekstar som ligg i Leksikografisk bokmålskorpus. I tillegg til registrering og komparasjon av bruksfrekvensar for ulike valfrie former innanfor einskildvariablar, har vi brukt statistisk korrespondanseanalyse for å kartlegge normklynger av ulike subvarietetar av bokmål. Hovud­konklusjonen er at dei moderate formene dominerer over dei radikale formene for dei aller fleste einskildvariablane som er med i studien, samstundes som dei radikale formene dominerer over dei moderate for nokre få av einskildvariablane, og at det mellom tekstane i utvalet som er med i studien, eksisterer ei operativ normklynge som ein kan karakterisere som moderat bokmål.
https://doi.org/10.52145/mom.v116i1.2273
pdf
Creative Commons License

Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.

Opphavsrett 2024 Stig J. Helset